Aftenbladete24 Batteriproduksjon Universitetet İ Stavanger Energi

Aftenbladete24 Batteriproduksjon Universitetet İ Stavanger Energi

UiS vil lada opp batteri-industrien med nytt studietilbod

UiS vil lada opp batteri-industrien med nytt studietilbod

03.03.2021 12:32:00

UiS vil lada opp batteri-industrien med nytt studietilbod

Beyonder skal bygga opp batteri-industri, men saknar norsk kompetanse. Det vil Universitetet i Stavanger (UiS) gjera noko med.

For mindre enn 30 minutter siden– Det blir dessverre utdanna få batterifolk i Norge. Me hentar ekspertise der det er ekspertise. Asia har 20 års forsprang, seier Svein Kvernstuen.Han er grunnleggar av Beyonder som held til på Forus. Dette er eit av selskapa som ønsker å bidra til at batterifabrikkar blir eit grønt bein som norsk industri kan stå på i framtida.

Viruset og det livsfarlige kaninhullet Kan rusavhengige virkelig sammenlignes med barn? Historisk abort-vedtak i Ap: Vil ha 18-ukersgrense

Kvernstuenhar tidlegare fortaltat dei innan 2024 skal vera klare med ein fullskala fabrikk der dei skal produsera titals tusen battericeller kvar dag. Og dei vil aller helst etablera seg i Rogaland, om dei finn den rette plassen å gjera det på.

Kvernstuen hevdar at pengane som trengst for å gjennomføra dette, finst. Den rette kompetansen er det vanskelegare å få tak i.82 aktører vil kjempe om ny batterifabrikk og 2000 jobberBatteri og energiBeyonder-sjefen har drøfta utfordringa med Universitetet i Stavanger. Og no kan han med entusiasme fortelja at det ser ut til at utdanningstilbodet han ønsker seg, blir ein realitet. headtopics.com

Dette bekreftar Øystein Arild, som er instituttleiar for energi- og petroleumsteknologi ved UiS.Annonsørinnhold– Me har fått spørsmål frå både bedrifter og politikarar som ønsker at me skal få dette på plass for å halda tritt med bedriftene som blomstrar i segmentet berekraftig teknologi, seier Arild.

Instituttleiaren fortel at universitetet jobbar med å få på plass ein bachelor som har batteri og energiteknologi som arbeidstittel. Målet er å få tilbodet på plass til hausten 2022. På sikt ønsker dei også å kunna tilby ei masterutdanning.

Instituttet har allereie fire faste vitskaplege stillingar innan berekraft, i tillegg til fleire doktorgrad-stipendiatar og postdoktorar. Arild fortel dessutan at tre doktorgrad-stipendiatar er i sving hos Beyonder i samarbeid med universitetet. Dette er stillingar som er delvis finansierte av Forskingsrådet som ein del av ordninga kalla nærings-ph.d.

Publisert:Publisert: 3. mars 2021 10:15 Les mer: E24 »