Tilbakeblikk: ICO

  • 📰 gamerno
  • ⏱ Reading Time:
  • 66 sec. here
  • 3 min. at publisher
  • 📊 Quality Score:
  • News: 30%
  • Publisher: 51%

Norge Overskrifter Nyheter

Norge Siste Nytt,Norge Overskrifter

Det har aldri vore betre å vere aleine mot verda. Les vårt tilbakeblikk på Ico.

Eg hugsar det som om det var i går. Det var meg sjølv. Ung, noko dum, og med ei hakket slankare lommebok enn eg har den dag i dag. Eg stod i den lokale MIX-kiosken, og i handa hadde eg noko eg hadde venta på, som eg hadde sperra opp auga ved etter artiklar og videosnuttar frå PlayStation 2-magasinet PSM2.

Men alt går ikkje etter planen denne dagen. Steinfengselet til guten rullar over, opnar seg, og slepp guten ut. Lettare forfjamsa byrjar han å undersøke området rundt seg. I toppen av eit digert rom heng eit bur. I buret ligg ein dam av tjukk, svart tjære, og ut av tjæra stig ein spinkel skapning, og med det byrjar eit eventyr som har sementert seg som ei av dei store legendene i spelindustrien.

ICO er ikkje eit spel som fortel deg kva du skal gjere i stor grad. Du berre følgjer hinta dei ulike områda byr på, og slik endar du opp med å springe opp ei trapp, hoppe over nokre manglande steg, og omsider finne ut at den svarte skapningen i buret har blitt om til ei redd lita jente kledd i kvitt. Som ein kvar god samaritan gjer den vesle guten det som må til, og slepp laus den stakkars jenta Yorda.

Det blir likevel noko heilt anna når du skal hoppe over eit hol i ei bru som den mest naturlege ting, snur deg for å rope på Yorda, og ho kjem nølande bort til kanten, stoppar, ristar på hovudet og seier nei på sitt eige finurlege språk.Det er slike ting som gjer ICO til noko meir enn berre eit eventyrspel der du skal kome deg ut. Du må alltid tenkje på Yorda, og finne vegen ut for ho.

 

Takk for kommentaren din. Kommentaren din vil bli publisert etter gjennomgang.
Vi har oppsummert denne nyheten slik at du kan lese den raskt. Er du interessert i nyhetene kan du lese hele teksten her. Les mer:

 /  🏆 24. in NO

Norge Siste Nytt, Norge Overskrifter