IKKJE DÅRLEG RÅD: Kari Elisabeth Kaski og SV vil framleis vere offensive, trass faren for inflasjon. Foto: Hanne Marie Lenth SolbøRegjeringa vil utsetje delar av valløfta på grunn av inflasjonsfare. SV seier blankt nei til å setje at tannhelse og billegare SFO på pause.
Då regjeringa var samla til budsjettkonferanse i førre veke, mana statsminister Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum til forsiktigheit. Dei meiner at faren for inflasjon gjer det umogleg for regjeringa å bruke mykje pengar framover.Når det går godt i økonomien, vil det ofte føre til ein auke i inflasjonen, og då kan det å setje opp renta vere eit verkemiddel for å dempe inflasjonen.
Støre har opna for at delar av regjeringsplattforma må bli lagt på is. Det kan SV leve med, men Kaski er tydeleg på at regjeringa sine løfte på velferdsfeltet må totalfredast. Eit sentralt mål i den økonomiske politikken er å unngå høg inflasjon fordi det skapar store svingingar i økonomien. – Då må vi heller halde fram med å omfordele og gjere tiltak for å redusere det private forbruket hos dei som har mest frå før, seier Kaski.– Det eg er oppteken av, er at vi ikkje kan leggje ansvaret for inflasjonen over på vanlege lønsmottakarar. Det å byggje ut velferda og redusere dei sosiale skilnadene i samfunnet, det er viktigare enn på lenge, seier Kaski.
Norge Siste Nytt, Norge Overskrifter
Similar News:Du kan også lese nyheter som ligner på denne som vi har samlet inn fra andre nyhetskilder.
Kilde: vgnett - 🏆 6. / 63 Les mer »
Kilde: Nettavisen - 🏆 1. / 68 Les mer »
Kilde: vgnett - 🏆 6. / 63 Les mer »
Kilde: e24 - 🏆 20. / 51 Les mer »
Kilde: dbmeninger - 🏆 22. / 51 Les mer »
Kilde: vgnett - 🏆 6. / 63 Les mer »