Med hardtslåande tekstar i bagasjen, drar Sliteneliten snart til Danmark for å spele på ein av Europas største festivalar. Dei seks unge kvinnene omtalar seg som eit aktivistisk band, som ønskjer å endre verda.Dei syng om alt frå antikapitalisme, psykiatritilbod, fødetilbod, kvinnekamp og sekstimarsdag, til miljøvern, distriktspolitikk og betre vilkår for bøndene.
Betre med ei geit i fanget enn ti nyliberalistar på taket. Sliteneliten på fotoshoot i geitefjøset på landbruksskulen i Aurland i Sogn, der fleire av bandmedlemane har gått.Med dei politiske tekstane sine går bandet nesten åleine mot straumen i musikkbransjen. For songtekstar handlar i dag stort sett om personlege kjensler.frå dei seinaste 40 åra, viser at poptekstar har blitt enklare, meir gjentakande og meir sjølvopptatte.
– Det var ein heilt surrealistisk, uverkeleg mail å få, seier fløytist Silje Strøm om at Roskilde kontakta dei. Førebiletet til Sliteneliten er syttitals-visegruppa Amtmandens døtre, som i LP-en «Reis kjerringa» frå 1975 tok opp kvinnekamp, abortrettar og klassekamp – dessutan tok dei initiativet til opprettinga av AKKS, der Sliteneliten har øvingslokale i dag.I begge albuma til Sliteneliten følgjer det med hefte med tekstar og akkordar til songane. Her er alt lagt til rette for allsong med kassegitaren.
Både vokalist Synneva og trommis Thea Kvam er odelsjenter og har tenkt å drive med jordbruk, og både dei to og fløytist Silje Strøm har agronomutdanning.På tunet på hennar gard står eit gammalt bedehus. I det skal dei no innreie til studio. For når ho har overtatt garden med mjølkekyrne er det ikkje berre å reise på øving.
Norge Siste Nytt, Norge Overskrifter
Similar News:Du kan også lese nyheter som ligner på denne som vi har samlet inn fra andre nyhetskilder.
Kilde: ITavisen - 🏆 28. / 51 Les mer »
Kilde: tv2sport - 🏆 13. / 63 Les mer »
Kilde: TV 2 Nyhetene - 🏆 29. / 51 Les mer »
Kilde: Nettavisen - 🏆 1. / 68 Les mer »
Kilde: dagbladet - 🏆 2. / 68 Les mer »
Kilde: digi_no - 🏆 9. / 63 Les mer »