I debatten om framtidas energimiks klarer debattantane det kunststykket å oversjå den største utappa energikjelda vi har: energien frå havbølgjene.
Noreg søv søtt i timen medan Europa allereie har sett mål om 10 prosent bølgjekraft inn i energimiksen innan 2050. Med tanke på at Noreg ligg langt framme i det teknologiske utviklingsløpet på bølgjekraft, og samstundes har eit stort potensial både på energiutvinning og ikkje minst eksport av norsk bølgjekraftteknologi, er det kanskje på tide å vakne for norske politikarar, norske investorar og norsk industri.
Bølgjekraft har stor kapasitet: Bølgjekraft har eit globalt potensial på 29.000 TWh, langt meir enn det samla forbruket globalt. I Noreg er det teoretiske potensialet på 600 TWh, medan det mest fornuftige vil vere å installere mellom 50 TWh og 200 TWh. Bølgjekraft løyser altså behovet for ny, naturvennleg og fornybar energi i ein berekraftig energimiks.
Bølgjekraft er eit energibatteri: Bølgjekraft er eit arealeffektivt og naturleg batteri med høgkonsentrert sol- og vindenergi. Dette betyr at ein kan redusere behovet for dyr mellomlagring av energi i form av store installasjonar med hydrogen og batteri. I staden kan ein sikre at mellomlagringa av energien blir meir effektiv med ein jamnare produksjon slik at kombinasjonen vind, hydrogen, batteri og bølgjer samla sett utgjer eit ideelt energisystem for Europa.
Norge Siste Nytt, Norge Overskrifter
Similar News:Du kan også lese nyheter som ligner på denne som vi har samlet inn fra andre nyhetskilder.
Kilde: btno - 🏆 4. / 63 Les mer »
Kilde: e24 - 🏆 20. / 51 Les mer »
Kilde: digi_no - 🏆 9. / 63 Les mer »
Kilde: Teknisk - 🏆 7. / 63 Les mer »
Kilde: e24 - 🏆 20. / 51 Les mer »
Kilde: vgnett - 🏆 6. / 63 Les mer »