Svein Johan Sandal sat ved frukostbordet ved Vestre Ollforevågen då han såg den spesielle fuglen gjennom vindauget.Han slo opp i litteraturen, og fann raskt ut at det måtte vere ein silkehegre han hadde observert. Fuglen høyrer opphavleg til rundt Middelhavet.Det er allereie ein aktiv hegrekoloni i Vestre Ollforevågen, der silkehegren slo seg ned.Lars Ågren er lokallagsleiar i Norsk ornitologisk foreining. Han kjenner godt til observasjonen på Hjellestad.
– Vi i fuglemiljøet har observert fuglen i området sidan 14. mai. Den pleier ikkje å kome opp hit, seier Åsgren.Åsgren mistenkjer at observasjonen har noko med den varme mai-månaden å gjere. – Det kan hende at den har følgt varmen nordover. Han kjem til å greie seg godt her i sommar. Han har godt dekke i fjørdrakta. Men vi får håpe han er på veg tilbake til hausten, seier Åsgren.Både Sandal og Åsgren trur observasjonar som denne er noko ein vil sjå oftare i tida framover.I fjor fekk Sandal ein vanleg fisk frå Middelhavet på kroken i same område.
– Eg trur vi vil sjå ei endring over tid, og at vi vil sjå fleire fuglar frå sør finne vegen hit, seier Ågren.Sandal har heile livet vore fuglekikkar.Likevel har han laga fotobok om fuglelivet rundt Vestre Ollforevågen, kor han observerte silkehegren. Boka vurderer han no å oppdatere.Han trur minska ferdsel grunna koronakrisa er litt av grunnen.Publisert: 11.
Norge Siste Nytt, Norge Overskrifter
Similar News:Du kan også lese nyheter som ligner på denne som vi har samlet inn fra andre nyhetskilder.
Kilde: btno - 🏆 4. / 63 Les mer »
Kilde: StvAftenblad - 🏆 30. / 51 Les mer »
Kilde: vgnett - 🏆 6. / 63 Les mer »
Kilde: vgnett - 🏆 6. / 63 Les mer »
Kilde: vgnett - 🏆 6. / 63 Les mer »
Kilde: vgnett - 🏆 6. / 63 Les mer »