. Når dei to diskuterer kontantstøtte, som det heiter i Senterpartiet, og ventestøtte som det heiter i Ap, er vi på eit golv med stor nok plass for begge parti til først å markera eigen ideologi og politikk, og seinare sleppa opp og finna utav det praktiske. For mens Senterpartiet markerer på ganske borgarleg vis at her skal enkeltmennesket kunna velja, vil Ap styra med statleg hand så kvinnene kjem seg fort ut i jobb og barna fort ut i barnehagen.
Men nå er det oljenæring og omstilling det handlar om. Der er dei begge pragmatiske - eller nølande, alt etter kva briller ein sjølv har på seg. SV vil avslutta oljeleitinga. Ap og Senterpartiet tar små steg. Hos Ap er det jobbane til folk og kva både dei og staten då skal leva av som bremsar, hos Senterpartiet er det å stå den praktiske kvardagen til folk nært nok.
Men som Vidar Nedrebø i Rogaland Sp alt har sagt, er det eit luksusproblem. Dei ønsker det, men det er ikkje avgjerande for å gå i regjering med Ap. Det kan forhandlast om. Trygve Slagsvold Vedum har ikkje villa ha snakk om det sjølv. Tone Sofie Aglen i VG kan ha rett i at han heller vil bli i rolla som folkeleg opposisjonspolitikar valkampen gjennom.
Norge Siste Nytt, Norge Overskrifter
Similar News:Du kan også lese nyheter som ligner på denne som vi har samlet inn fra andre nyhetskilder.
Kilde: vgnett - 🏆 6. / 63 Les mer »
Kilde: e24 - 🏆 20. / 51 Les mer »
Kilde: vgnett - 🏆 6. / 63 Les mer »
Kilde: e24 - 🏆 20. / 51 Les mer »
Kilde: vgnett - 🏆 6. / 63 Les mer »
Kilde: e24 - 🏆 20. / 51 Les mer »