Kjære Equinor: Gratiskonsert på Torget var kanskje ikkje så lurt nå?

  • 📰 StvAftenblad
  • ⏱ Reading Time:
  • 69 sec. here
  • 3 min. at publisher
  • 📊 Quality Score:
  • News: 31%
  • Publisher: 51%

Norge Overskrifter Nyheter

Norge Siste Nytt,Norge Overskrifter

KOMMENTAR: Equinors 50-årsgåve til «heimbyen» Stavanger er å fly inn artistar frå Oslo, ha gratiskonsert på Torget – og gjera det endå vanskelegare for regionens kulturliv å selja billettar, skriv JanZahl .

Gratulerer med dagen! Tenk at det har gått 50 år sidan du etablerte deg her i Stavanger, rett nok under eit anna – og forståeleg – namn. Det er absolutt verdt ei feiring! Du har vore viktig for Stavanger-regionen – og Stavanger-regionen har vore viktig for deg.

Men så er det eit par ting eg lurer på: Då de hadde planleggingsmøte, korleis kom de på at de skulle fly inn Dagny frå Oslo, Chris Holsten frå Oslo, Cezinando frå Oslo, Emma Steinbakken frå Oslo, Vinni frå Oslo, Ramón frå Oslo, Stina Talling frå Bergen og konferansier Ronny Brede Aase frå Oslo? Izabell kan jo ta ein Voi ned til Torget.

Kanskje spurde du nokre av artistane på mi liste. Kanskje kunne dei ikkje. Helga før gratisarrangementet dykkar, skal til dømes Mods spela to dagar på stadion. Med seg har dei Stavangerkameratene, Tøfl, Froddien og Vestlandsfanden. Det arrangementet er på ingen måte gratis for publikum. Det ville nok ikkje vera så lurt av Abel & Co å konkurrera med seg sjølv gjennom å stilla på gratisarrangement på Torget få dagar etter.

Mablis-festivalen går av stabelen tre dagar etter gratisarrangementet ditt. Der står Skambankt og Beharie på plakaten, blant mange andre. Så det ville nok ikkje vore så lurt å opptre gratis tre dagar før. Om målet var å selja billettar, meiner eg. Mablis er ikkje utselt.Du veit sikkert dette frå før av, kjære Equinor. Men det er veldig vanskeleg å konkurrera mot noko som er gratis.

 

Takk for kommentaren din. Kommentaren din vil bli publisert etter gjennomgang.
Vi har oppsummert denne nyheten slik at du kan lese den raskt. Er du interessert i nyhetene kan du lese hele teksten her. Les mer:

 /  🏆 30. in NO

Norge Siste Nytt, Norge Overskrifter

Similar News:Du kan også lese nyheter som ligner på denne som vi har samlet inn fra andre nyhetskilder.