Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig avis.torsdag at den no vil støtte flyselskapet Norwegian med eit lån. Storleiken er ukjend, men truleg blir det på 1,5–2 milliardar kroner. Det kjem i tillegg til tre milliardar som regjeringa gav i lånegarantiar i fjor vår.
Viss statens pengar skal brukast til å redde Norwegian, er det viktig at selskapet har ein reell sjanse til å overleve. Difor er det klokt av regjeringa å krevje at private investorar bidreg med mesteparten av pengane selskapet no hentar inn.ikkje ha nokon illusjon om at staten og investorane blir likestilte. Regjeringa vil tilby eit såkalla hybridlån. Det er eit evigvarande lån utan pant.
Men det gjer samstundes at staten vil stå sist i køen av kreditorar viss selskapet går konkurs. Går Norwegian over ende, vil med andre ord staten tape både dette lånet og statsgarantiane.halde hovudet kaldt. Viss Norwegian no ikkje lykkast, må staten ta tapet i staden for å kaste endå meir pengar inn i selskapet.har Norwegian allereie brukt statsgarantiane for å presse regjeringa. Det pressmiddelet blir ikkje mindre med nok eit lån.
Her kviler det eit spesielt ansvar på opposisjonen i Stortinget. Fordi Norwegian er eit populært selskap i folket, vil freistinga bli svært stor for å gje selskapet særbehandling. Då risikerer ein berre endå større tap i framtida. Dessutan vil ei slik framferd undergrave næringspolitikken, og oppfordre andre selskap til å tigge staten om gåver framfor å drive butikk.
Norge Siste Nytt, Norge Overskrifter
Similar News:Du kan også lese nyheter som ligner på denne som vi har samlet inn fra andre nyhetskilder.
Kilde: btno - 🏆 4. / 63 Les mer »
Kilde: btno - 🏆 4. / 63 Les mer »
Kilde: btno - 🏆 4. / 63 Les mer »
Kilde: btno - 🏆 4. / 63 Les mer »