– Då vi kom rundt neset, sa vi «shit» i kor

Natt til søndag vart fleire bygder på nordsida av Osterøy rasfaste. John Olav Ørnes sov medan raset buldra eit steinkast frå huset. Martha-Lise Handal Langeland var truleg siste bil forbi, og Sigmund Simmenes må belage seg på å ta båt heim.

EKSTRA PLANLEGGING: Raset byr på ekstra utfordringar når familiekabalen skal gå opp. Her er frå venstre Linnea Langeland og Martha-Lise Handal Langeland og Rune Langeland.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Pustande og pesande kjem ekteparet Rune og Martha-Lise Handal Langeland opp lia mot den no rasstengde vegen på Osterøy.

– No skal me henta i barnehagen, forklarer Rune med eit smil.

Ekteparet må i tida framover arbeide seg opp ei bratt li for å kome seg opp til bilen, som står på motsett side av der stein, jord og vatn kom rasande ned natt til søndag.

Ti minutt seinare kjem paret køyrande tilbake, no med ungane Linnea Langeland og Leif Andre Langeland i baksetet.

For to dagar sidan, natt til søndag like etter midnatt, var Martha-Lise Handal Langeland på veg heim frå kveldsvakt på sjukeheimen der ho jobbar.

– Eg hadde på musikk og song med, det regna kraftig, men eg høyrde ingenting spesielt, fortel ho.

Og ho kan ikkje ha bomma så mykje på raset.

– Eg kom heim til 60-årsdagen til svigerfar min. Medan vi var der vart vi ringt opp om raset.

Ho og svigermor heiv seg i bilen for å sjå korleis det såg ut på rasstaden.

– Vi hadde jo ikkje peiling på kva som møtte oss. Men då vi kom rundt neset sa vi «shit» i kor! Raset var mykje større enn vi hadde sett for oss.

KØYRDE FORBI: Martha-Lise Handal Langeland var truleg siste bil forbi før raset gjekk over vegen.

– Veit ikkje kor vi skulle budd for å vere sikre

No står ho igjen på same plass saman med dottera. Helgas hendingar tar ho og mannen med ro.

– Det er jo noko ein må vere forberedt på at kan skje. Eg veit ikkje kvar på Vestlandet vi skulle budd for å vere heilt sikre mot hendingar som dette, seier Rune Langeland roleg.

No ventar dagar, om ikkje veker, som rasfaste.

– Det skal gå greitt, vi har bil på kvar side av raset, heldigvis. Så me klatrar opp lia og tar bilen på andre sida. Det blir verre etter torsdag, då skal Rune på vakt, seier Martha-Lise Handal Langeland.

Ektemannen er kaptein på ferje, og på vakt annankvar veke.

– Det blir spennande med ungar som ikkje er like interessert i ekstra veg til barnehagen. Så eg gler meg ikkje til han reiser, seier ho og ler medan ho ser bort på ektemannen.

Les også

Geolog: – Det kommer til å ta dager før veien er åpen igjen

SOV GJENNOM RASET: John Olav Ørnes er nærmaste nabo til raset som tok både fylkes- og kommunalveg

Sov søtt gjennom buldringa

Oppe på vegen står John Olav Ørnes og ser på naturkreftene som var i spel natt til søndag.

– Her var det autovern då eg kom heim laurdag kveld, seier han og peikar ned mot ein trestubbe til venstre for han.

Då massane kom veltande nedover fjellsida, var krafta så stor at rekkverket, over seksti meter på begge sider, var dratt ned i fjorden.

– Stubbane som ikkje vart med ned, står no igjen som pinneved. Det er mykje krefter som har vore i gang her, konstaterer Ørnes.

AUTOVERN: Her var det autovern. Etter raset står berre stubbane igjen.

Natt til søndag vart han vekt av at politiet slo på tråden.

– Dei sa eg måtte opp og sjå på raset som hadde gått. Eg hadde ikkje høyrt noko, men eg tok på meg hovudlykta og gjekk ut.

Då Ørnes skulle ta det vande steget over autovernet, merka han at det var forsvunne.

– Det var såpass, ja, tenkte eg med meg sjølv.

Rett etter ringde Ørnes til politiet. Då brukte han nødnummeret.

Må køyre ekstrarute

I tettstaden Stamneshella på andre sida av Veafjorden står styrmann Tore Heimvik på skyssbåten MB «Ospenes» og ser ut på regnbyene.

MB «Ospenes» går vanlegvis i rute til dei veglause grendene langs fjorden. Men no blir det mykje ekstraarbeid i tida som kjem.

EKSTRAARBEID: Tore Heimvik og MB «Ospenes» går no bestillingstur for det rasfaste folket.

– Eg har blitt sett inn for å køyre på bestilling fram til vegen opnar att. Når det blir, er det vel ingen som veit.

No ventar han på rasfaste passasjerar som skal heim etter arbeid eller andre ærend på fastlandet.

Ein av desse er tidlegare varaordførar, Sigmund Simmenes. Han prisar seg lykkeleg for at kona vart igjen på hytta i Dale etter jobb rasnatta.

– Ho skulle eigentleg kome heim om lag då raset gjekk. Hadde ho køyrt då, hadde ho treft rastidspunktet med eit slingringsmål på fem–ti minutt.

EKSTRA SKYSS: Frå venstre: Gerd Gammersvik, Sigmund Simmenes og Frode Kolstad må belage seg på båtskyss framover.

I etterkant tar også han helgas hendingar med fatning.

– Det har gått ras her før, seinast i 2007. Men denne gongen var det annleis. No er både fylkesvegen og kommunalvegen nedanfor øydelagt.

Han trur det blir ei stund til dei kan køyre heim att med eigen bil.

– Men vi greier oss. Vi har jo båten, seier han og klatrar om bord.

Publisert: